Resultatutveksling - informasjon for søkjere og studentar

Resultatutveksling er ei digital teneste som gjer at norske universitet og høgskular kan hente utdanningsresultata dine frå andre utdanningsinstitusjonar i Noreg.

Kva er resultatutveksling?

Når du søkjer om studieplass på eit universitet eller ein høgskule, til dømes eit eit masterstudium, må du dokumentere at du fyller krava dei har for at du skal få opptak. Nyttar du resultatutvekslinga, kan universitetet eller høgskulen sjølv hente stadfesting på den tidlegare utdanninga di ved eit universitet eller ein høgskule i Noreg. Det gjer at du slepp å dokumentere det sjølv.

Kven kan nytte resultatutveksling?

Resultatutveksling er aktuelt for deg som søkjer om opptak på grunnlag av høgare utdanning (til dømes ein bachelorgrad) eller som søkjer om godkjenning/innpassing av utdanning frå eit anna universitet/høgskule.

Ikkje alle universitet/høgskular nyttar resultatutvekslinga

Resultatutveksling er mogeleg mellom universitetet og høgskuler som nyttar det studieadministrative systemet Felles Studentsystem (FS). Systemet vert nytta av dei aller fleste universitet og høgskular i Noreg, med unntak av Handelshøyskolen BI. Sjå komplett oversikt over institusjonar som nyttar FS.

Publisert 8. apr. 2019 15:03 - Sist endret 15. juli 2022 01:23